HAUGTUSSA
AV: Lena Henriksson
Haugtussa er eit diktverk som er skrevet av Arne Garborg. Diktet verket såg lyset i 1895.
På måndag var klassen på Rogaland Teater og fekk sjå Haugtussa som eit teaterstykke. Eg syns at teaterstykket om Haugtussa var veldig forvirrande. Eg var ikkje på skulen den dagen dei andre gjekk igjennom handlinga, så eg fatta ingenting av stykket som utspelte seg på scenen. Det begynte med ei jenta (Veslemøy) som stod på scenen aleine og snakka, etter det kom det masse menneske ut på scenen og dei hadde med seg masse stolar. Etter dette blei alt berre meir og meir forvirrande. Skodespelarane snakka på nynorsk, og når dei snakka var det som om dei leste rett ut i frå ei bok. Me satt heilt framme ved scenen og satt derfor fram føre høgtalarane, og så derfor klarte ikkje me å høyra kva dei sa. Det var også vanskeleg å høyre noko når dei song, mens nokon andre snakka samtidig.
Teaterstykket var litt humoristisk til tider, men alt i alt tykkjer eg at dette teaterstykket ikkje var passande til menneske på vår alder. Stykket er vanskeleg å forstå, språket er på dialekt og derfor kan nokon ord eller setningar være vanskelege å forstå og oppfatta.
Temaet i stykket er jo at Veslemøy føler seg utanfor og ikkje blir akseptert av nokon. Når ho då finner ut at ho er synsk, blir ho endå meir satt til sia av sinne vener og menneske i nærmiljøet. Dette kan me og sjå at går igjen i dagens samfunn med det at viss ein er annleis så er det vanskeligare å bli akseptert i samfunnet. Stykket tar og for seg kjærleik og svik.